Commons:Wiki Loves Monuments 2018 i Noreg

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to navigation Jump to search
This page is a translated version of a page Commons:Wiki Loves Monuments 2018 in Norway and the translation is 100% complete. Changes to the translation template, respectively the source language can be submitted through Commons:Wiki Loves Monuments 2018 in Norway and have to be approved by a translation administrator.

Wiki Loves Monuments Noreg
september 2018

Delta
Hovuddelen av Wiki Loves Monuments er fotokonkurransen. Fotografi av registrerte kulturminne i Noreg må bli lasta opp til Wikimedia Commons i løpet av september for å delta. Fotografia kan vere tekne når som helst, men berre fotografi som vert lasta opp i september blir vurderte. Vinnarane vert kunngjorde 31. oktober 2018.


Om konkurransen
Wiki Loves Monuments vart arrangert for fyrste gong i Nederland i 2010. I 2011 blei konkurransen utvida til ei rekkje europeiske land, og i 2012 blei han global med 35 deltakarland frå heile verda. Wikimedia Noreg arrangerer no den norske delen av konkurransen for åttande gong, og har gjort det kvart år sidan 2011.
Eit oversyn over alle gyldige kulturminne til fotokonkurransen kan finnast på Kulturminnesøk frå Riksantikvaren, som òg har eit kartverktøy for å finne kulturminne i nærleiken. Fleire ressursar kan finnast på ressurssida.


Skrivekonkurranse
Som i tidlegare år arrangerer Wikimedia Noreg òg ein skrivekonkurranse over to veker i løpet av fotokonkurransen. I veke 38 og 39 (17.–30. september) vil vekas konkurranse på Wikipedia på bokmål, nynorsk og nordsamisk handle om kulturminne i Noreg. For å delta må du registrere deg på konkurransesida.


Vinnarbileta frå 2017